Turbinen i Nesset kraftverk - 100-åring fra Solberg Spinneri!
 


Denne historien er sakset fra Møre-nytt 30. desember 2013, og er forfattet av Terje Myklebust, kraftverksjef i Tussa.

100-åring i full vigør

I Tussa sitt minste kraftverk, Nesset kraftverk på Hareidslandet, står ein 100-åring i full drift! Er det ein ting dette kraftverket viser oss, så er det at ein må vere langsiktig når ein driv med vasskraft. Tenkje seg til; 100 år og still in business!

Det var i 1913 på Kværner Brug i Lodalen i Kristiania den 1-stråla Peltonturbinen med sluseventil og regulator vart produsert. Det var Solberg Spinderi i Nedre Eiker kommune som var oppdragsgjevar. Allereie rundt hundreårsskiftet elektrifiserte dei aktiviteten sin i Solbergvassdraget:eit spinneri og eit sagbruk. Turbinen, som etter kvart hamna i Nesset kraftverk, vart installert som det andre aggregatet i Solberg kraftstasjon. Her gjorde han teneste fram til 1943. Mange tusen meter med dukar og gardinstoff har blitt produsert av krafta frå denne turbinen.

Andre verdskrig
Då Drammen by sårt trengde meir drikkevatn, vart det inngått ein avtale med Solberg Spinderi. Den gjekk ut på at Drammen kommune tok over vassrettane til kraftverket mot at energimengda vart kompensert inn i evigheita.

Den andre verdskrigen rasa no på sitt verste, og det tyske krigsmaskineriet dreiv slavane sine på umenneskeleg vis i bygging av blodvegar, jernbane, kystfort, kraftverk og aluminiumsfabrikkar m.m. over heile landet. Det «arbeidslause» aggregatet i Solberg kraftstasjon vart difor straks kverrsett av okkupasjonsmakta. Han var mest sannsynleg tiltenkt sitt neste liv som anleggskraftverk i Fauske i Nordland.

Mangel på kraft
Men slik skulle det ikkje gå. «Tyskertanje» leid smertelege tap på alle frontar og fekk anna å tenke på enn bygging av kraftverk. På Hareid var det samstundes smalhans. Han «joklepej» dominerte med vassløyse som resultat. Det var skrikande mangel på kraft i bygda. Kraftverket dei hadde i Hareidselva, bygd i 1919 på 200 hk, leverte for det meste raudemakkar eller ofte ingenting. No måtte Nessetelva byggjast ut!

Til Nordland
Driftsstyrar Bakke i Hareid kommunale elverk vart på denne tid tipsa om ein annonse i eit teknisk tidsskrift om maskineriet frå Solberg kraftstasjon, som var til sals for 73.000 kroner. Det passa for ei fallhøgd på 200 meter og ville yte om lag 500 kW. Perfekt for Nessetelva! Verksstyret sende sporenstreks to mann til Drammen for å sjå på utstyret. Men akk, nazistane hadde kome dei i forkjøpet. Dei hadde konfiskert heile anlegget som skulle sendast nordover.

Etter krigen var over tok elverket kontakt med ordføraren i Fauske. Han svara at til Fauske hadde det ikkje kome noko verk! Men ein reisande for Siemens hadde sett eit slik verk på jernbanestasjonen i Mosjøen. Verksstyret bestemte at verksstyrar Bakke og styreleiar Måseide skulle reise nordover for å freiste å få fatt i maskineriet. Styremedlem Peter Skarbak sa då: «ej tenkje dokke slengje ti dei ei femåkjue tusen å so fær dokke heile greiå». Og så for dei!

Pruta prisen ned
Ein salsrepresentant for staten forlangte 18.000 kroner for «heile stasen». Hareidsdølane kunne ikkje som gode sunnmøringar vende heim utan å ha pruta, så dei kontra med følgjande: «vi hadde egentlig tenkt på 12.000 ...». Dei møttest på halvvegen og fekk «heile stasen for 15.000 kroner.

Våren 1946 starta dei arbeidet med bygging av taubane, dammar, røyrgater og kraftstasjon. Når kraftverket vart sett i drift sommaren 1947 viste det siste kostnadsoverslaget 460.000 kroner (tilsvarar ca 9 millionar 2013 kroner).



Turbinen fotografert i kraftverket på Solberg Spinneri. Foto: Eiker Arkiv.



Turbinen slik den står i dag i kraftverket i Nesset.
Kraftverksjef i Tussa, Terje Myklebust, og maskinsjef i Tussa, Roy Muren.
Foto: Arnfinn Tønnesen

Kilde: Møre-nytt

Tilrettelagt av: Anne Gallefos Wollertsen NE
26.06.2014